Klokketrigger – Frank Rogne


Klokkeriet - Klokketrigger – Frank Rogne

I «Klokketrigger» forteller et av våre medlemmer, med egne ord, hvordan de først fikk klokkeinteressen trigget.

Da eg var liten, hugsar eg når morfar tok opp klokka si for å sjå kva tida var. Den var So fin den klokka hans, og so måtte den trekkast opp, det var tøft. Den var ikkje ei sånn med batteri.

Morfar begynnte etter kvart å bruke ei sånn med batteri; enklare å bruke, sa han. Lommeuret blei lagt vekk, og gløymd for min del.

Mange år seinare, morfar var gått bort, lommeuret fremdeles gløymd, var eg i spania på sommerferie med min bedre halvdel.
Der såg eg ei klokke som eg har tenkt på sidan, den måtte eg ha, tenkte eg.
Eg kunne ingen ting om klokker, anna en at dei er fine.
Så eg blei litt skuffa når Breitling for Bentley klokka i butikken var laaangt dyrare en kva ein 21 år gammal tømrer hadde råd til.

Vel heime på norsk jord var det å begynne å læra seg litt om klokker, lese litt om urverk, div merker og litt historie.
Ein ting var vertfall sikkert, ei Breitling klokke skulle eg ha.

Etter kvart som interessen vart større, og at eg bytta klokker litt oftere, begynte familie å legge merke til interessen min og.

Eg eig fremdeles ikkje noko Breitling, men dagen eg fylte 25, fikk eg sjå att ein gamal kjenning. Lommeuret til morfar.

Eg ønsker meg fremdeles å eige ei Breitling klokke. Det var der interessen virkelig begynnte, men klokka til morfar, var første klokka eg kan hugse og har brydd meg om.
Den bytar eg ikkje mot alt gull i verden.

Den er eit sveitsisk ur, kjøpt i Bergen av min oldefar på 1930 tallet, gått i arv til min morfar, og mi mor.
I dag er det eg som passar på det, til ein av mine søner skal gje det vidare til sine søner.

Å få den klokka av mor mi, var ikkje bere stas fordi klokka er fin, eller av gull. Den er minnet mitt om min morfar, og DET kan ikkje kjøpast for penger.

Å ta vare på slike ting som går i arv, er etter mi meining viktig.

Foto: Frank Rogne
Ønsker du å bidra med din historie i denne artikkelserien? Send mail til kevin@klokkeriet.no